Nurse

Vil du bli vår nye sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus

Location
Norway
Posted
November 20, 2026
Places
1
Contract
Part-time

The vacancy text is shown in the language the employer published it in.

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag?

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 14.12.2026.. Oppstartsdato kan avtalast nærare.

Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode.

Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.

Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.

Nordfjord sjukehus og lokalmiljøetNordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.

Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass.Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din!

Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut:Du tek imot, observerar og følgjer opp innlagde pasientar

Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging

Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette

Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona)

Du deltek på undervisning og simuleringstrening

For å jobbe med oss:Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar

Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav.

Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.

Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg

Vi ser etter deg som:Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet

Gjer faglege vurderingar og spør om råd når du er i tvil

Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Er nysgjerrig og ønskjer fagleg utvikling

Trivst i ein til tider travel kvardag

Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du:Opplæring tilpassa dine behov

Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering

Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre

Bidra til pasienttryggleik

Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264

ArbeidsstadSjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5213404421

Stillingsprosent: 85%

Fast

Startdato: 14.12.2026

Søknadsfrist: 07.12.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

How to apply

Apply directly with the employer on the original listing. Listed Abroad is not part of this hiring.

Open the original vacancy

Source: EURES, the European Commission's job portal.

Write a cover letter for this job

Nurse jobs in Norway for foreigners.

Employers search this list for people like you.

A free profile puts your trade in front of employers hiring from abroad.

Create your profile

Free. No subscription. No commission on your wages, ever.