Nurse

Har du erfaring frå legekontor, laboratoriearbeid og akuttmedisin? Då vil me gjerne ha din søknad.

Location
Norway
Posted
November 20, 2026
Places
1
Contract
Full-time

The vacancy text is shown in the language the employer published it in.

Vil du jobbe i ei teneste som gir deg varierte oppgåver innan legevaktmedisin, i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement?

Då kan du vere den me ser etter!

Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt frå infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar.

Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Ved avdeling legetenester er det ledig:

100 % fast stilling som sjukepleiar / paramedisinar. Stillinga kan ved endring i behov bli tillagt andre oppgåver og eventuelt få endra arbeidstad til andre avdelingar.

100 % fast stilling i helse og omsorgssektoren, i første omgang eit års vikariat i legetenesta. Stillinga vil på sikt bli knytt til i eit sjukepleiarteam.

Stillingane er fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inngår 3- delt turnus. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar.

Vi er i ein prosess med å sjå på på organisering av sjukepleiarteam på tvers av avdelingane for styrke sjukepleiarfaget i kommunen. Dette kan gje mange nye utviklande arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver:

svare på førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune og i Hallingdal

samhandle med lege for å sikre trygge pasientforløp

arbeid på laboratorie og skadestue

gje relevant råd og rettleiing til pasientar

hHjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar

medikamenthandtering

bidra til å gjere relevante driftoppgåver ved legetenesta

baktsentral: Koordinering av nødnett med telefonteneste; råd, rettleiing og triagering til innringjarar med akutt sjukdom og skadetilstander.

tverrfaglig akuttmedisinsk samhandling i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Kvalifikasjonar

bachelor i sjukepleie eller paramedisinar med norsk autorisasjon

gjerne vidareutdanning eller interesse innan relevante fagområde som akuttmedisin, avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS), sårbehandling m.v.

2 års relevant arbeidserfaring

god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum C1 nivå

erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt

beherske digitale arbeidsverktøy

sertifikat kl B

Personlege eigenskapar

du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske avgjersler

du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis eit høgt stressnivå

du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling

Me tilbyr

kalenderplan og forhandlingsturnus, der det kan bli lagt til rette for langvakter

fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like

høgt fagleg nivå og god fagdekking

internundervisning og fagleg påfyll

arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede

meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Bu og jobbe i Ål

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .

Send søknad og politiattest

vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden

den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader

intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden

kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga.

Velkomen som søkjar.

Link til søknadsskjema: Søk herOm arbeidsgiveren:

Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie-/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt.

Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunane Hemsedal og Hol, samt felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.

Helse- og omsorgsektoren i Ål har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Vi har fleire spanande utviklingsprosjekt i gang både lokalt og regionalt, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

How to apply

Apply directly with the employer on the original listing. Listed Abroad is not part of this hiring.

Open the original vacancy

Source: EURES, the European Commission's job portal.

Write a cover letter for this job

Nurse jobs in Norway for foreigners.

Employers search this list for people like you.

A free profile puts your trade in front of employers hiring from abroad.

Create your profile

Free. No subscription. No commission on your wages, ever.