Nurse
Helsesjukepleiar
- Employer
- GISKE KOMMUNE BARN, FAMILIE OG HELSE
- Location
- Norway
- Posted
- November 20, 2026
- Places
- 1
- Contract
- Part-time
The vacancy text is shown in the language the employer published it in.
Det er ledig 70 % vikariat som helsesjukepleiar ved helsestasjonen frå dags dato til 31.12. 2027, det kan bli mogleg med auke i stillingsprosent.Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna. Det er krav om politiattest av ny dato.I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
ArbeidsoppgåverArbeidet består av førebyggande helsearbeid ved helsestasjonen, helsestasjon for ungdom (HFU) og i skulehelsetenesta.
Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og veiledere knytt til helsefremmande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar.
Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa.
Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod.
Tverrfagleg samarbeid.
KvalifikasjonarUtdanning som helsesjukepleiar med god kompetanse på barn og unge.
Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid.
God digital kompetanse.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar.
Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner.
Ha god arbeidskapasitet.
Fleksibel og løysingsorientert.
Evne til å arbeide strukturert og målretta.
Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
Vi tilbyrSpanande og utfordrande arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø
Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP.
KontaktinformasjonTone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar helsestasjonen, 41701899
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
ArbeidsstadYtterland 1
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5213465523
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026
Om arbeidsgiveren:
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
How to apply
Apply directly with the employer on the original listing. Listed Abroad is not part of this hiring.
Open the original vacancySource: EURES, the European Commission's job portal.
Similar openings
- Koordinator/Sykepleier til Gabels Park2CARE HJEMMETJENESTER AS HOVEDKONTOR · NorwayNov 20
- Sykepleier/vernepleier – Løvestadjordet bolig og FACTINDRE ØSTFOLD KOMMUNE KULTURSKOLEN · NorwayNov 20
- Kommunalt fastlegekontor - primærhelseteam - legevaktNorwayNov 20
- Vi søker en engasjert og ansvarsfull sykepleier til 80% fast stillingNorwayNov 20
- Sykepleier eller vernepleier: Bruk faget ditt hos en aktiv 12-åring i HurdalNorwayNov 20
- Spennende vikariat for spesialutdannet sykepleier i LAR.NorwayNov 20
Employers search this list for people like you.
A free profile puts your trade in front of employers hiring from abroad.
Create your profileFree. No subscription. No commission on your wages, ever.