Caregiver

Helsefagarbeidar

Employer
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET
Location
Norway
Posted
November 20, 2026
Places
1
Contract
Full-time

The vacancy text is shown in the language the employer published it in.

Vil du vere med å utvikle framtidas polikliniske tenester?

Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027.

Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid.

Stillinga passar for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos oss får du høve til å påverke, lære og bidra i eit spennande utviklingsarbeid i ein moderne sjukehuskvardag.

ArbeidsoppgåverDelta i planleggeing, gjennomføring og evaluering av prosjektet

Bidra til kartlegging og forbedring av arbeidsprosessar

Samarbeide tett med pasientar, pårørande og ulike faggrupper

Utføre kliniske oppgåver i tråd med prosjektets mål

KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar

Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskjeleg

Interesse for fagutvikling og forbedringsarbeid

Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskaparDu er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver

Du er serviceinnstilt og oppteken av å hjelpe andre

Du er sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver

Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Du samarbeider godt med kollegaer

Du er påliteleg og positiv i arbeidskvardagen

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

KontaktinformasjonElin Kjønnø, Konst. seksjonsleiar, 92436070, elin.kjonno@helse-mr.no

Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, ragnhild.bjerkaas@helse-mr.no

ArbeidsstadOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5162573563

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 04.12.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

How to apply

Apply directly with the employer on the original listing. Listed Abroad is not part of this hiring.

Open the original vacancy

Source: EURES, the European Commission's job portal.

Write a cover letter for this job

Caregiver jobs in Norway for foreigners.

Employers search this list for people like you.

A free profile puts your trade in front of employers hiring from abroad.

Create your profile

Free. No subscription. No commission on your wages, ever.