Nurse
Sjukepleiar
- Employer
- HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK
- Location
- Norway
- Posted
- November 20, 2026
- Places
- 5
- Contract
- Full-time
The vacancy text is shown in the language the employer published it in.
Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til kirurgisk sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar, og moglegheita til å vere med på utviklinga av eit nytt tilbod til kirurgiske barn.Kirurgisk sengepost ved SNR Hjelset består av både akutt og elektiv verksemd. Vi tek imot augeblikkeleg hjelp-pasientar innan ortopedi, urologi og øyre-nase-hals, i tillegg til kirurgiske augeblikkeleg hjelp-barn. Sengeposten har nyleg fått ansvar for kirurgiske barn, og vi er i gang med å byggje opp eit spennande fagmiljø innan kirurgisk behandling og oppfølging av barn. I tillegg har vi ein eigen 5-døgns elektiv sengepost som behandlar pasientar innan ortopedi, urologi, øyre-nase-hals, gastro, gynekologi og plastikkirurgi. Hos oss får du arbeide i eit breitt kirurgisk fagmiljø med stor variasjon i pasientforløp, tett tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige.
ArbeidsoppgåverSjukepleie til kirurgiske barn.
Pre- og postoperativ oppfølging.
Observere, vurdere og følgje opp pasientane sin kliniske tilstand.
Planleggje, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team.
Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande.
Medikamenthandtering og gjennomføring av sjukepleieprosedyrar.
Samarbeide tett med legar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
Delta i kvalitets-, fagutviklings- og forbetringsarbeid.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar.
Erfaring frå arbeid i sengepost er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Erfaring med eller interesse for behandling av barn er ein fordel.
Interesse for kirurgisk sjukepleie og tverrfagleg samarbeid.
Gode kliniske vurderingsevner og evne til å arbeide kunnskapsbasert.
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Personlege eigenskaparDu er fagleg engasjert og oppteken av god pasientbehandling.
Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Du er trygg i møte med barn og føresette.
Du er ansvarsbevisst, strukturert og evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag.
Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyrEin spennande og variert arbeidskvardag
Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kompetanse
Sterkt tverrfagleg samarbeid med legar og andre faggrupper
Moglegheit til å bidra i utviklinga av kirurgiske tenester og behandlingstilbod ved sjukehuset
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonCathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, +47 95907778
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201297918
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 03.12.2026
Om arbeidsgiveren:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
How to apply
Apply directly with the employer on the original listing. Listed Abroad is not part of this hiring.
Open the original vacancySource: EURES, the European Commission's job portal.
Similar openings
- Koordinator/Sykepleier til Gabels Park2CARE HJEMMETJENESTER AS HOVEDKONTOR · NorwayNov 20
- Sykepleier/vernepleier – Løvestadjordet bolig og FACTINDRE ØSTFOLD KOMMUNE KULTURSKOLEN · NorwayNov 20
- Kommunalt fastlegekontor - primærhelseteam - legevaktNorwayNov 20
- Vi søker en engasjert og ansvarsfull sykepleier til 80% fast stillingNorwayNov 20
- Sykepleier eller vernepleier: Bruk faget ditt hos en aktiv 12-åring i HurdalNorwayNov 20
- Spennende vikariat for spesialutdannet sykepleier i LAR.NorwayNov 20
Employers search this list for people like you.
A free profile puts your trade in front of employers hiring from abroad.
Create your profileFree. No subscription. No commission on your wages, ever.